Du er her: Forside -> Nyheter - > Silje er ny innhaldsprodusent i Sorentio


Silje er ny innhaldsprodusent i Sorentio

Aukande arbeidsmengd har gitt eit nytt tilskot til Sorentio-teamet.

Silje Marita Lillebø er ny innhaldsprodusent i Sorentio


Silje Marita Lillebø er tilsett som innhaldsprodusent hos Sorentio. Ho er utdanna innan media, IKT og design frå Høgskulen i Volda og har tidlegare mellom anna arbeida som grafisk formgjevar i Kortshop. Ho er òg aktivt med i Giskespelet der ho tek seg av sosiale medier og annonsering. 

Hjå Sorentio skal Silje jobbe som innhaldsprodusent og mellom anna utarbeide både innhald og design til sosiale medier, nyheitsbrev, landingssider og annonsar.

Silje blir òg ein kjærkomen medlem av nynorsk-klubben i Sorentio.

Vi er glade for å ha nok ei kreativ og arbeidssam sjel med i team Sorentio som vil utfylle laget godt!

Velkommen til oss, Silje!


Maria Therese Mostrøm Gulbrandsen

Skrevet av:

Maria Mostrøm Gulbrandsen

Tekstforfatter / Partner

415 04 137 // maria@sorentio.no